Arkivert artikkel!

Artikkelen er ikke lenger aktiv og innholdet kan derfor være utdatert.

AVLYST :  MAKTENS TINDER

Foto: Tone Vole

Bli med Gro Holm på tur blant dei høgaste toppane i Nord-Europa på dagen. På kveldstid kan du vera med ho på tur til verdas stormakter og til andre menneskesyn på andre delar av kloden.Tidspunkt:  19 – 22 mars.

Pris: Kr 3 500,-   Som inkluderar 3 døgn med full pensjon (middag, frokost, niste og termos)  Transport til/fra Veoli med beltebil.  Kåseri på kvelden.  Turleiar på dagtid.

Påmelding til Glitterheim:  gl-heim@online.no

Torsdag 19.03:   Frammøte Veoli I Sjodalen.  Beltebilavgang kl 16.00 til Glitterheim.  Middag ved ankomst. 

Kåseri med Gro Holm etter middag.  Tema: Verda slik eg ser den.  Korleis kan vi som har vakse opp i eit av dei rolegaste hjørna i verda, forstå kvifor folk handlar som dei gjer i heilt andre delar av verda?  Blir folk terroristar på grunn av fattigdom?  Er utdanning svar når det gjeld skilnader og mishandling av kvinner?

Fredag 20.03:  Frokost.  Tur til Styggehøbreen, Veotindar og/eller Styggehøbretind.  De to erfarne turlederene Bjørn Horten og Kjell Ola Haugen tek døkk med til eit av dei finaste områda rundt Glitterheim.   Høgaste toppen Store Veotind på 2268 moh er ein av fleire fine turmål denne dagen.  

Etter middag kåseri med Gro Holm.  Tema:  USA – blir det fire nye år med Trump?  Kvifor sviktar den kvite middelklassen Det demokratiske partiet? Kvifor er ein tilårskomen «demokratisk sosialist» (Sanders) så populær som han her?


Laurdag 21.03: Frokost.  Tur til Glittertind.  På ein fin verdag kan også andre toppar rundt Glittertind vera aktuelt turmål, som t.d Trollsteineggje.  Kjell Ola og Bjørn tek turen i kjente omgjevnader, og for ei nedkjøring det er til Glitterheim etter toppbestigninga  Etter middag som laurdag er koldtbord med lokale heimlaga produkt. 

Kåseri med Gro Holm.  Russland – er Putin ein diktator som ynskjer å utvide grensene til Russland så langt som mogleg?  Eller gjer han berre sitt beste for å forsvare dei nasjonale interessene til Russland?  Og kva kan skje når han går av som president i 2024?

Sundag 22.03:  Frokost.  Avreise med beltebilen kl 09.30.  Ynskjer de å gå ned på ski kan det også vere eit alternativ.  På ski ned Veodalen eller over Nautgardstind.  Dette kan ein i samråd med tuleiarar bestemme laurdag.


Utstyr:  Pakklista til DNT er eit bra utgangspunkt.  Type skiutstyr er ikkje det viktigaste.  Både randone og fjellski går like bra.

Foto: Gro Holm

Gro Holm er ein norsk journalist. Ho har vore korrespondent for Norsk rikskringkasting  i USA siden 2013.

Frå 2005 til 2008 var ho distrikts- og nyheitsdirektør i NRK og dermed sjef for NYDI, Norges største nyheitsorganisasjon. Ho har tidligere også vært utenriksredaktør, programleder i Redaksjon 21 og korrespondent i Moskva  (1994–1998). Ho tok til i NRK i 1982 og har hovudsakleg arbeidd i utanriksredaksjonen.

Holm er utdanna cand.mag. med blant annet statsvitenskap, sosialøkonomi og historie i fagkrinsen.


Bjørn Horten og Kjell Ola Haugen er båe lomværar med lang fartstid som instruktørar og turleiarar i Jotunheimen og andre fjellområde.  Både to har nær tilknytning til Glitterheim og er godt kjente i dei fleste delar av fjellheimen vår.

VELKOMEN OPP TIL OSS OG FANTASTISKE DAGAR OG KVELDAR PÅ GLITTERHEIM.

Foto: Tone Vole

Skrevet av Knut O Vole 27. januar 2020